Nyoppdaga fiskeart på Eikeskallen

Forskningsskipet ”Trasten” har i den siste tida gjort nye og banebrytande oppdagingar i kryssinga mellom Rovdefjorden og Voldsfjorden. Ein fiskeart som har fått det kledelege navnet ”Slyr” har vorte oppdaga i store kvantum på ”Eikeskallen” utanfor Eika. Fisken er ein krysning mellom Sei og Lyr, det er første gang krysning mellom sei og lyr er registrert, sjølv om lokale fiskarar i lengre tid har hevda at denne arten har eksistert.

Bygdeposten har etter iherdige forsøk fått kontakt med Havforskningsinstituttet i Bergen og professor ved IMGR (Institute for Marine GopleResearch) Per E Fiske Leid har innimellom forskningstokta sagt seg villig til å svare på nokre spørsmål frå redaksjonen.

-Er slyr egna som menneskjeføde?

-jau, eg vil setje mi lit på det. Både sei og lyr har eg ete utallige gongar utan å bli sjuk. Smaken på maten er så som så, men skal visst vere sunn mat.

-Kan ein vente seg fiske retta mot denne arten?

-Førebels vil eg halde korta tett til ermet, men ein veit aldri.

-Finst det noko mål på størrelsen av bestanden?

-Bestanden er overaskande stor. Enkelte lokale fiskarar har ete denne fisken sidan før dei byrja å røyke pipe og lytte til Erik Bye. Rapportane skal ha det til at fisken er utbreitt på Søre Sunnmøre og er i ferd å spre seg vidare langs kysten, både nordleg og sørleg retning.

Journalisten vår takkar for interjuvet og slengjer på taleluren.

3 Comments

    1. Fisken er god til fiskemat og som #slygryte#.
      Det er derimot nødvendig at fisken vert blogga og sløya med ein gong. Helst før ein kjen innom ripa.

  1. Vi som har drive fiske rundt Eika og Uksnøya veit at denne fisken har vore til stades ei stund.
    Kan bekrefte at dette er ein framifrå matfisk.
    Den har stor kropp og lite hovud, og smakar nesten som laks. Det må vere kun fargen som skil #slyr# og laks

Leave a comment